Illustrative teikningar som held seg innanfor strekane

ANMELDELSE
Publisert 31/12/22
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

La skogen leve

Omtale: La skogen leve

Tittel: La skogen leve
Tegning og tekst: Nora Dåsnes
År: 2022
Sider:
229
Forlag:
Aschehoug
Format: Bok med harde permer
ISBN: 978-82-033948-4-3

I tradisjonelt teikneserieformat fortel Nora Dåsnes sine teikningar ein historie snarare enn å pirra lesaren visuelt.

Med «Pondusprisen» og «Kulturdepartementets pris for beste tegneserie» i ryggen har Nora Dåsnes (1995) skrive og teikna hennar tredje utgivnad for barn. I boka La skogen leve! er det klimakrisa som er tema og den Greta Thunberg-aktige karakteren Boa prøver å redda ein skog frå å bli parkeringsplass. Den veslevaksne sjuandeklassingen er irriterande kompromisslaus i sin sak – og det er bra.

Rute fra side 59 i *La skogen leve* (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.
Rute fra side 59 i La skogen leve (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.

Ok boomers

Då Greta Thunberg byrja skulka kvar fredag for å setta fokus på kloden si tilstand var det ikkje berre Erna Solberg som protesterte. Medan mange unge kan føla på stor usikkerheit knyta til klimaforandringane, prellar både klimakrisa og dei unge sin uro av nokre av dei eldre generasjonane kan det verka som.

Oppslag, side 30–31 i *La skogen leve* (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.
Oppslag, side 30–31 i La skogen leve (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.

«Boka er mest spanande visuelt når ho bryt ut av teikneserieformatet sine geometriske rutenett.»

Dåsnes si siste utgivnad visar at ho tek dei unge sin uro på alvor og ho sett fingeren på den bakstreverske tankegangen som til dels pregar Noregs miljøpolitikk; For å kome i gang med det grøne skiftet treng me økonomien for det – og då må me greva opp olje.

Etter ei nesten-bilulukke på skulen vert eit anna bakstreversk forslag lagt fram. Løysinga for å forhindra bilulykker i framtida er å legga til rette for meir trafikk. Ved å utvida parkeringsplassen kan fleire foreldre køyra og henta barna og færre vil gå rundt som utsette, myke trafikantar. Framlegget medfører at skogen må rivast. Dette er logikken som ikkje er logisk og her starter Bao sin kamp. Kampen for å bevara skogen og ikkje trafikklivet.

For trass stadig nye nedbørsrekordar vil hovudpersonen bruka sine siste månadar på barneskulen i skogen. Elevrådsleiaren er verken redd for våte sokkar eller autoritetar og Bao går til kamp mot dei vaksne i kampen for å bevara skogen. Ho møter stor motgang frå rektor, FAU-leiar og advokatmora som ikkje ser viktigheita av å hjelpa dottera med å formalisera tiltak om ein miljøvenleg skulepolitikk. I staden tilbyr ho å køyra Bao til skulen i fossilbilen sin. Ok boomers.

Oppslag, side 80–81 i *La skogen leve* (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug. Oppslag gjenngitt frå PDF.
Oppslag, side 80–81 i La skogen leve (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug. Oppslag gjenngitt frå PDF.

Anonyme teikningar

La skogen leve! strekk seg over meir enn 200 sider og boka ligg tungt i fanget.

Estetisk er det vanskeleg å plassera boka tidsmessig. Menneskjene er kledd i anonyme klede strippa for moter og personlegdom. Andleta er enkelt teikna opp. Øyrer, nase, auge, munn. Det som skiljar dei like andleta frå kvarandre er hårfarge og frisyre.

Dei enkle teikningane er dog informative og karakterane verkelegheitstru med realistiske kjensleliv. Her er det ingen karikerte Donald Duck-sinneutbrot å spora.

Fargebruken er basert på livet som det faktisk ser ut og Dåsnes held seg godt innanfor strekane med ryddige snakkebobler og få kunstnariske element. Trass boka si tyngde kjem ein nokså kjapt gjennom ho. Her er det ikkje mykje for auga å dvela ved. Bodskapet står i fokus og det er fortellinga som er prioritert.

Det som skil boka frå mine 90-tals barnebøker og plasserer ho i samtida er smarttelefonen. På omslaget står ein av jentene med hovudet ned i mobilen og hintar om viktigheita av smarttelefonen si rolle i fortellinga. For smarttelefonen er eit viktig element i La skogen leve! og den litt anonyme teiknestilen til Dåsnes vert sprita opp av elevane sine digitale liv.

Dåsnes sine teikna chatsamtalar gjer oss innsikt i Bao og venane hennar sine tankar. Side 104 i *La skogen leve* (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.
Dåsnes sine teikna chatsamtalar gjer oss innsikt i Bao og venane hennar sine tankar. Side 104 i La skogen leve (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.

Mobilens gjennomslagskraft

Det er lett å føla seg makteslaus som 12-13 åring i møte med dei vaksne. Med alder og myndigheit kan vaksne trumfa gjennom sine val og meiningar. Difor er moglegheitene smarttelefonen potensielt kan gi ein viktig faktor. Det elevane sin unge alder og mangel på myndigheitet trekk ned, tek dei att med deira kompetanse på internett. Der er det dei som er ekspertane og påverknadskrafta er heilt reel.

Elevane sine liv på mobilen og samtalane dei i mellom er heilt sentral. Medan me følger Bao på veg til skulen tikkar meldingane inn og som lesar får ein mykje informasjon under Bao sin rusletur. Trass at Bao vert svikta og ikkje tatt seriøst av dei vaksne har ho eit nettverk av støttande vener som følger ho med overalt, frå lomma. Det overtydelege digitale språket prega av emojies og brennanda flammar for engasjement skapar innsikt i tankane deira og dei unge sin sjargong. Dette skaper framdrift i fortellinga og treffer målgruppa.

Linnéa sin Tik Tok dans om miljøet vitnar om eit eiget språk konstruert av dei unge som ikkje tilhøyrar dei vaksne.

Boka er mest spanande visuelt når ho bryt ut av teikneserieformatet sine geometriske rutenett. Her med Linnéa som har laga ein dans om klimakrisen for å sprei bodskapet på Tik Tok. Side 57 i *La skogen leve* (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.
Boka er mest spanande visuelt når ho bryt ut av teikneserieformatet sine geometriske rutenett. Her med Linnéa som har laga ein dans om klimakrisen for å sprei bodskapet på Tik Tok. Side 57 i La skogen leve (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.
Oppslag, side 62–63 i *La skogen leve* (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.
Oppslag, side 62–63 i La skogen leve (2022) av Nora Dåsnes. Utgitt av Aschehoug.

Ei tydeleg lærebok for både boomers og barn

Med enkle teikningar satt opp i ryddige rutenett sett Dåsnes historia i fokus. Handlinga er beint fram teikna utan dei store kreative utbrota. Forfattaren makter å visa kor makteslaus dei unge kan føla seg og det er tydeleg kven Dåsnes er på lag med.

Boka fordrar dei vaksne til å vakna opp og dei unge til å stå opp for seg sjølv.

Med middels engasjerte medelevar må Bao navigera i korleis nå fram og boka handlar i stor grad om å gjera seg forstått. Med staheit og fakta som våpen kjemper Boa ein sint kamp medan venene bidreg med sine innfallsvinklar og litt meir list, som sjarmerande Tik Tok dans. Konklusjonen er at taktiske steg for å lokka på underhaldande viss, saman med drivande pågangsmot er mest effektivt.