September-november

Tim Romanowsky – Nodon

Numer Visningsrom viser Nodon av Tim Romanowsky, ein animert kortfilm frå 2019.

I Nodon står ein energisk abstrahert formlek i sentrum, og sjølve historia er kanskje meir er ein fasilitator for den transformative koreografien. Det er som å vere inne i ein levande versjon av bildekunsten til Romanowsky, der fargar og former får utløp for energien sin. I filmen vert me introdusert for tre ulike fargeunivers med sine representative karakterar. Desse tre universa eksisterer parallelt og skild frå kvarandre, men grenser varer berre til dei vert brotne ...

Tim Romanowsky (f. 1981) er ein kunstnar og illustratør frå Leipzig i Tyskland. Han har studert illustrasjon og animasjon og vart uteksaminert ved Burg Giebichenstein - Kunsthochschule Halle i 2010. Romanowsky jobbar med maling og teikning i bildekunst, kunstnarbøker og animasjon. Formspråket i bileta hans er abstrakt. Han kombinerer primærformer og former som minner om restar frå papirklipp. Grafiske former, satt saman i overlappande komposisjonar og komplementære palettar.

Romanowsky sin Grafikk og fanziner kan kjøpast gjennom nettsida LORO, ein publiseringsplatform han driver saman med biletkunstnar og kone, Stefhany Y. Lozano.

timromanowsky.com