Øk teikneseriepotten!
Norske teikneserieskaperar demonstrerer! Jenny Jordahl har mobilisert teikneserie-Norge for å få alle til å forstå at det står dårleg til.
Forholda for å skape nye norske teikneseriar er betre enn nokon gong. Med vekespressa sin nedgang på 90- og 2000-talet har norske teikneseriar sakte men sikkert etablert seg i bokformatet, fleire teikneserieforlag har oppstått og litterære bokforlag sine teikneseriesatsingar aukar frå år til år.
For den norske bokkulturen er innkjøpsordninga eit viktig grep for at det som skapast vert tilgjengeleg for alle. For bransjen er det eit viktig grep for at det skal vere muleg å skape ein bredde av bokproduksjonar i eit land med lite kjøpekraft.
Potten som kulturrådet har å forvalte innkjøp av norske teikneseriar er i dag alt for lav. Det er også berre ein pott, noko som syner at teikneseriestøtta framleis ligg litt bak. Slik eg ser det så burde Kulturrådet forvalta ulike pottar for teikneseriar, det burde vore øyremerka pengar for fakta og fiksjon slik som litteraturen har ein pott for skjønnlitteratur og ein for sakprosa. Det burde også vore øyremerka pottar som sikrar at det vert fordelt pengar til ulike målgrupper som vaksne og born og ungdom. Når ein sidestiller teikneseriar med litteraturordningane så ser ein at teikneseriar ikkje får det same tilbodet, og det held den norske teikneseriekulturen tilbake. Potensialet er stort, og det er no me må smi, og det er dette norske teikneserieskaparar vil at Kulturdepartementet (Norge) og Abid Raja skal forstå. Støtt teikneserieskaparane slik at Kulturdepartementet kan få nok midlar til å skape gode ordningar for dei som vil skape og publisere norske teikneseriar.
Grafill tegneserier sendte nyleg eit brev til kulturministeren som skildrar situasjonen i dag. Brevet vart signert av Grafill, Tegnerforbundet, Norske Billedkunstnere, Norske barne- og ungdomsbokforfattere, Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening, Den norske forfatterforening, Forfatterforbundet, Norsk oversetterforening, Den norske forleggerforening, Norsk bibliotekforening, Norsk barnebokinstitutt, Leser søker bok, Foreningen !les.
Vi håpar at teikneserieskaparane sitt demonstrasjonstog vert sett av mange og at brevet vert følgt opp av kulturministeren og departementet.