Selskapsleik for anonyme kunstnarar
Kviskreboka
Tittel: Kviskreboka
Tegning: Mette Stausland, Idun Batltzersen, Anna Sofie Mathiasen, Cato Løland, Sverre Malling, Dalma Kilickiran, John Arne Sæterøy, Bjørn Hegart, Kurt Johannesen og Kim Hjortøy
Tekst: Fredrik Høyer, Terje Dragseth, Agnes Ravatn, Janne S. Dragsholt, Sigbjørn Skåden, Jenny Hval, Gulariz Sharif, Inger Wold Lund og Øyvind Berg
År: 2023
Sider: 54
Forlag: Tegnerforbundet
Format: Innbundet med hardt omslag
ISBN: 978-82-990732-4-0
Tegnerforbundet har samla 19 kunstnarar til å lage Kviskreboka, ei leiken kunstarbok som kiltlar den venstre hjernehalvdelen, og inspirerer den høgre. Det er ein flott publikasjon, men eit par grep frå å vere fullkomen.
Kviskreleiken er ein selskapsleik som får nokon av oss til å tenke tilbake på bursdagsfestane i barndommen og lærarane våre som desperat trengte å fylle det siste skuletimekvarteret med innhald. Om denne leiken er ukjent for deg, så er reglane enkle. Ein sit helst i ring eller rundt eit bord. Så startar ein person å kviskre ei setning i øyret på personen som sit på sida. Setninga går frå øyre til øyre rundt heile bordet, og når setninga kjem til endes, vert den sagt høgt for kvar og ein. Oftast har nokon slurva litt i overleveringa, eller kanskje nokon andre har høyrt litt dårleg etter. Uansett grunn har i alle fall setninga mest truleg forandra seg på vegen, til noko lettare surrealistisk. Når den nye setninga vert annonsert, knisar alle, ler høgt og har det koseleg. Kanskje nokon byrjar å granske rundt kvar det gjekk gale, og då er i alle fall praten rundt bordet godt i gang.
Eg spelte Ryktet går med min svigerfamilie her ein kveld. Det er eit brettspel der kviskreleiken er gjort om til skriving og teikning. Fyrst trekker ein av spelarane eit ord, så skal resten av deltakarane skrive og teikne dette ordet til det har vandra heilt rundt bordet. Når runda er over, avslører alle sine notat eller teikningar, og om ditt bodskap har overlevd ein eller fleire overleveringar, får du poeng. Er du ein av dei som fekk bodskapet til å endre meining, får du null poeng. Målet med spelet er vel helst som med kviskreleiken at alle får seg ein god latter. I ei spelerunde som eg hugsar svært så godt, kviskra svigersøstera mi «matboks» i øyret mitt, og eg teikna etter beste evne og leverte lappen vidare. Eg hausta litt poeng fordi fleire på rekka mi greidde å formidle ordet vidare. Då opphavsordet vart avslørt, viste det seg at ordet ikkje var «matboks», men «vaskemaskin». Alle lo og rista på hovudet, og då me nøsta opp i kvar det brast, så enda me opp hos svigermor (som forresten ikkje lo så høgt). For då ho skulle teikne vaskemaskin, teikna ho ei slik dei hadde på 70-talet. Ein firkanta boks med full opning øvst og med ein skiljevegg i midten. Eit hol til vasketrommelen, eit anna til tørketrommelen. Ho teikna ingen klede, så det nestemann såg, var ein boks med ein skiljevegg. Det må vel vere ein matboks, tenkte stakkaren ved sida av svigermor og skreiv det på lappen sin. Svigermor vann ikkje spelet den kvelden, men ho fekk fleire gratisleksjonar i korleis teikne ei moderne vaskemaskin.
Tegnetriennalen har i år gjort som i Ryktet går, men i staden for å avgrense det til eit festleg selskap har kuratorane Ottar Karlsen, Roddy Bell og Hilde Lunde skapt eit kunstprosjekt av leiken. Dei har invitert ti teiknarar og ni poetar til å skrive og teikne om kvarandre. Alle har måtta skape noko i relasjon til den føregåande verket dei har vorte tilsendt. Heile prosessen har vorte gjennomført anonymt. Mystiske pakkar har difor vorte sendt att og fram via Tegnerforbundet dei siste to åra. Pakkar med teikne- og skriveutstyr og med ein usignert tekst eller eit bilete.
Resultatet er Kviskreboka, ei kunstnarbok som vert stilt ut i Deichman Bjørvika under heile Tegnetriennalen, frå 13. oktober 2023 til 14. januar 2024, men som også vert lagt ut for sal. Boka er trykt opp i eit opplag på eksklusive 100 eksemplar og vert å finne på Deichman og Tegnerforbundet. Kunstnarbok er eit bredt omgrep i Norge, og det er ikkje snakk om eit verk trykka og publisert av kunstnarar, men Kviskreboka høyrer meir heime i kunstnarbok-sjangeren som ein eksklusiv småforlags-publikasjon.
Dette er ein antologi som ikkje har som mål å hygge og more meg, men som får meg til å undrast over prosessen og kunstnarane. Måten verka er fletta inn i kvarande på, gjer meg årvaken og vekker lysta til å granske tekst og bilete nærare. Boka er nemleg sett saman slik at kvart oppslag er eit bilete og ein tekst. Sidan kvar tekst har ein relasjon til to bilete og omvendt, så har designarane valt å gi alle relasjonane eit oppslag. Dette resulterer i at kvart bilete og kvar tekst vert repetert to gongar. Kvart oppslag vert ein ny samansetting, og repetisjonane oppfordrar meg til å lese og kikke på bileta to gongar.
Anslaget er gjort av Mette Stausland. Eg les i den korte biografiteksten bak i boka at ho er ein tidlegare dansekunstnar som etter ein yrkesskade fann vegen vidare gjennom bildekunsten. Med ei teikning på eit gult papir legg ho føringar for poeten som kjem etter. Bastante og rigide blyantstrekar, overfalne av skraverte svarte pæreforma skuggar. Bak desse markante strekane ser me lettare blyantføringar, svake riss som mjukt snor seg rundt på det gule papiret. Det er ikkje ulikt danseskissene eg har sett mine dansevener skrible når dei skapar koreografien sin for scena. Det kan òg vere slik at det er nettopp det hjernen min ynskjer å sjå, sidan eg veit at Stausland har dansen med seg i handa. Biografitekstane til alle kunstnarane er tilgjengeleg bakarst i boka. Eg sjekkar alltid ut slik informasjon fyrst. Det er ein gamal vane eg har, men eg skulle ynskje eg hadde venta med å lese dei, slik at hjernen min kunne spart meg for slike assosiasjonar ved fyrste gjennomlesing. På ei anna side så er dei ein fin inngang for lesarane, for dei som ynskjer nokre knaggar å støtte seg på.
Poet Fredrik Høyer frå Drammen tar det vidare frå Stausland. Han skriv om skuggar i ein tekst som dansar seg av garde (der skjedde det igjen, takk bio-tekst). Han har nyleg prøvd å stenge skuggane ute, men til ingen nytte. Det er ein fin flyt i teksten hans, som gir meg eit inntrykk av at den er improvisert fram, og at den får framstå slik i si råe form. Kråketærne, altså handskrifta til Høyer og dei andre kunstnarane, gjer at lesinga humpar av garde. Det luggar litt når eg må ta nye rundar på handskrift som er vanskeleg å tyde. Dette er noko eg elskar med tekstane i denne boka. Eg set faktisk pris på friksjonen i leseopplevinga og at eg må senke tempoet. Det tvingar meg inn i ein meditativ flyt som styrkar mi oppleving av boka. Å skrive for hand er å teikne bokstavar, og det er nydeleg å sjå karakterane i poetane sine handskrifter. Ein kunne sjølvsagt ikkje forvente noko anna i eit prosjekt som er fasilitert av Tegnetriennalen, men det er likevel ei frisk oppleving å lese handskrivne tekstar.
Nokon tekstar og teikningar trår parallelt, andre tar sprang. Kniseeffekten frå kviskreleiken kjem til overflata her og der. Eg drar på smilebandet ikkje berre når Agnes Ravatn er morosam, men også når eg oppdagar forgreiningar og repetisjonar. Det oppstår eit uventa tilbakefall for eit motiv som eg ikkje skal røpe, men som gjer det heile litt forunderleg. Det er tankevekkande, og eg byrjar å reflektere over min eigen kunstnariske praksis. Eg opplever at tekst og bilete møtes i det konkrete og figurative, men dei skil seg distinkt frå kvarandre i det abstrakte. Kanskje ingen av tekstane i denne boka drar abstraksjonen så langt som til dømes i biletet til Stausland, men at det er slik, gir meg mykje å tenke på. Det heile opplevast som ein lett og ledig leik, med senka skuldrer. Der kviskreleiken er ein lettbeint leik som kan bryte isen i eit selskap, så finn eg Kviskreboka som eit lett og ledig kunstprosjekt som likevel plogar nedsnødde vegbaner i hjernen min.
Som du skjønar har eg kosa meg med Kviskreboka, men det betyr ikkje at det er ei fullkommen bok. Boka er vakkert utforma, med fin typografi og eitt omslag trekt i lysegrå sjerting. Innmaten er trykka på det delikate bokpapiret Munken Lynx. Det er likevel sider ved utforminga og det redaksjonelle som trekker ned heilskapen i mine auge. Tekstane og bileta i boka er framstilt som faksimiler, enten dei er fotografert eller skanna. Dette får meg som lesar av boka til å observere verka gjennom eit foto i staden for å sitte med verket i handa. Eg kan forstå dette design-valet ut frå at utrykket får eit dokumentarisk preg, det finnast orginalar der ute, og denne boka dokumenterer dei. Utforminga skapar likevel ein distanse til arbeida som eg kjenner på når eg les. Som lesar ville eg føretrekt illusjonen at det var boksidene teikningane og skriveria stod på, som om eg sit med arka i handa.
Litt som svigermora mi i innleiinga, så gjer redaktørane for Kviskreboka eit feilgrep i kommunikasjonen. Den redaksjonelle teksten i boka er god og fungerer veldig godt som ein døropnar, men omslaget og introduksjonstekstane gir indikasjon om at boka er publisert på norsk og engelsk. Engelske lesarar vil difor verte skuffa når dei oppdagar at forfattarane sine tekstar ikkje har vorte oversatt. For desse er det berre halve boka som vert tilgjengeleg. Dette er eit underfundig val som ikkje rettferdigjer bruken av engelsk tekst i det heile teke.
For det norske publikummet er ikkje dette noko problem, og har alle eit finurleg møte i vente. Originalane til Kviskreboka, vert vist fram på Folkebiblioteket i Bjørvika under heile Tegnetriennalen 2023. Om du tenker deg å ta turen, så ta med deg god tid, slik at du i ro og mak kan dvele ved dei tankevekkande overlappingane og transformasjonane som kunstnarane serverer deg. Det er som i kviskreleiken, ein må følge godt med.