Strekar av bly gjennom lufta

ANMELDELSE
Publisert 11/08/22
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

Twine an image that is yet to be

Omtale: Twine an image that is yet to be

Tittel: Twine an image that is yet to be
Kunstnarar:
Damla Kilickiran
Form:
Installasjon
Visningssted:
Galleri V, Bergen Kunsthall
Tidsrom: 26. mai—21. august 2022

Eg er overtydd om at metallet som snirklar seg rundt i rommet, er like hardt og uformeleg som armaturen som stikk ut av den knuste betongen. Når Damla Kilickiran bøyer linjalen av bly, skjer det noko med utstillinga.

Damla Kilickiran og årets festspillkunstnar Lene Berg stiller ut på Bergen Kunsthall denne sommaren. Kilickiran har tatt over visingsrommet Galleri V. Foto: Åsa Osmundsen Opedal.
Damla Kilickiran og årets festspillkunstnar Lene Berg stiller ut på Bergen Kunsthall denne sommaren. Kilickiran har tatt over visingsrommet Galleri V. Foto: Åsa Osmundsen Opedal.

Skulpturell teikning

På golvet i visingsrom Galleri V står tunge, knuste betongklossar omgitt av kunstnaren sin favorittfarge: gul. Ljoset er ein farge mellom fluorescens og acid-gul. Ein stad mellom varmt og kaldt. Intensjonen er å skapa eit farleg, sjukeleg ljos. Den svenske kunstnaren arbeidar mykje med teikning, medan for denne utstillinga har ho overført teikningar til skulptur.

Armeringsstålet, brukt for å styrka betongkonstruksjonar og ta opp strekkrefter, har mista si funksjon og er redusert – eller opphøgd – til raudrusta strekar i Kilickiran sitt gule kaos. Betongblokkane ser falleferdige ut. På brestepunktet og livlause samstundes.

130 meter med blyrøyr ligg kveila saman på golvet, strekk seg opp og gjennom krokar i taket og legg seg over betongen. Linjene av bly som heng tungt frå taket, står ut som mørke årer mot veggane sine ljose flater. Ulike teikningar i lufta oppstår, avhengig av kor ein plasserer seg i rommet. Ein blyantstrek på veggen avslørar monteringsprosessen og materialet si evne til å setja spor.

Kunstnaren fascinerast over at teikning vert akseptert som 3D, trass i at det er 2D. Installasjonen «Twine an image that is yet to be» er kanskje det næraste ein kjem ein tredimensjonal teikning. Blyet er ikkje festa på papir, men heng i lufta som omskiftelege strekar. Etter kvart som utstillinga står, vil det tunge materialet sige og teikningane endra seg.

Som ein beinlaus stålorm lever kurvelinjalen eit saktegåande liv og vil skifte form gjennom sommaren. Foto: Åsa Osmundsen Opedal.
Som ein beinlaus stålorm lever kurvelinjalen eit saktegåande liv og vil skifte form gjennom sommaren. Foto: Åsa Osmundsen Opedal.

Utfordrar vitskapen

Blyrøyret imiterer lesbian ruler, ein kurvelinjal med opphav frå øya Lesbos. Derav namnet. Den plastiske linjalen kan formast med hendene og vert brukt for å måla lengder som buktar og snor seg. I antikk filosofi var kurvelinjalen ein metafor for ikkje-normative vurderingar på grunn av sin omskiftelege natur, foranderleg ut ifrå hendene sine intensjonar og ei motsetting til den rette linjalen som ikkje let seg forhandla med.

Kunstnaren si imitasjon av objektet utfordrar vitskapen endå meir. Med dyr akrylmåling har ho stempla 13 000 svarte strekar. Kvar strek markerer ein millimeter. Mangel på presisjon – ein konsekvens av det handlaga – plasserer Kilickiran sin linjal mellom kunst og vitskap.

Ljosrøyra sine rette linjer strukturerer det ville kaoset under seg. Foto: Åsa Osmundsen Opedal.
Ljosrøyra sine rette linjer strukturerer det ville kaoset under seg. Foto: Åsa Osmundsen Opedal.

Under konstruksjon

Fiendtleg armatur som stikk ut i lufta, og betongstøv på golvet signaliserer at ein må røra seg med omhug i rommet. Inspirert av byggeplassar har kunstnaren prøvd å skapa eit rom som kikkar på tilskodaren i like stor grad som at tilskodaren kikkar på rommet. Den konstruerte byggeplassen, plassert i eit galleri og i ein kunstsamanheng, opphevar materiala, og støvet på golvet er kunst, ikkje avfall.

Ljoset er ein sentral del av utstillinga og badar rommet i ei ubestemmeleg stemning. Fargen er glad, men på ein litt feil, grell, merkeleg måte. Det kan minna om å bada i varmt solljos, men samstundes ikkje. Det er for intenst. For kvelande.

Det dystopiske rommet utforskar brytningspunktet mellom det kultiverte og det destruerte. Brytningspunktet mellom å vera i eit konstruert rom og å vera omgitt av trugande masse. Når tek materialar over eit rom og gjer oss ubetydelege? Når vert materialane farlege?

Ljosrøyrene sett i ei strukturerande ramme viser kontrollert sivilisasjon og lyser opp det destruerte landskapet under seg.

Etter kvart som tida går, vil blyet sige ned mot golvet. Er det eit teikn på resignasjon, eller er det blyet som tek eigarskap over Galleri V?