Best på nært hald

ANMELDELSE
Publisert 17/10/24
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

Glødende orm

Omtale: Glødende orm

Tittel: Glødende orm
Kunstner: Solveig Bergene
Form: Billedkunst
Visningssted:
Kunstgarasjen
Tidsrom:
20. september–20.oktober 2024.

I den gamle garasjen på Møllendal har Solveig Bergene soloutstilling. Forbi Daniel Persson sine silketrykk i svart-kvitt heng tre bilete av Solveig og seks tjukke bøker. Bileta er monumentale med sine 4 × 2 meter, men det er dei bulande, vassdrukne bøkene på rekke og rad som trekker til seg merksemda mi.

Solveig Bergene (1985) er ein Oslo-basert kunstnar frå Trondheim med utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen og National College of Art and Design i Dublin. Ho teiknar og målar detaljrike bilete, ofte med utgangspunkt i naturen, der ulike vesen dukkar opp. I utstillingsteksten står det at Bergene har utvida formatet i utstillinga «Glødende orm». Fungerer det?

På med hanskane

Trass i dei monumentale bileta så er det som sagt bøkene som med éin gong tiltrekker meg. Kvite bomullshanskar på langbordet inviterer publikum til å bla i kunstnarbøkene. Sidene er metta av Bergene sine spor frå penslar, blyantar, fargestiftar og papirutklipp. Me får eit innblikk i hennar kreative prosess. Intuitive, spontane teikningar viser breidda i uttrykk, koloritt og teknikk. Nokon sider har heilt gjennomskinlege teikningar, medan andre skrik høgt med ekspressive fargar og krasse former.

Mellom botaniske element ser me auge, andlet, silhuettar, venger. Det er eit spekter av fargar og former. Noko abstrakt. Noko figurativt. Sjølv ser eg livmora overalt. Og eggleiarar med sine tentakelaktige former.

Bergene vekker publikum sin taktile forvitenskap med subtile collagar. Ein må dra fingeren over arket for å stadfesta at, jo, det er fleire lag med papir her. Kunstnarbøkene let oss kikka inn i ein utprøvande, fri prosess utan reglar.

Kunstnerbøker (2018 – 2024) av Solveig Bergene, blanda teknikk, varierande dimensjonar. Foto: Kunstgarasjen / Bjarte Bjørkum
Kunstnerbøker (2018 – 2024) av Solveig Bergene, blanda teknikk, varierande dimensjonar. Foto: Kunstgarasjen / Bjarte Bjørkum
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Foto: Åsa Osmundsen Opedal
Oppslag fra ei av kunstnarbøkene (2018 – 2024) av Solveig Bergene, blanda teknikk, varierande dimensjonar. Foto: Kunstgarasjen / Bjarte Bjørkum
Oppslag fra ei av kunstnarbøkene (2018 – 2024) av Solveig Bergene, blanda teknikk, varierande dimensjonar. Foto: Kunstgarasjen / Bjarte Bjørkum

På sporet av noko

På kvar sin gallerivegg heng dei tre store bileta utan tittel. I motsetning til kunstnarbøkene, som har meir skisseaktig preg, er desse bileta mødesamt teikna opp. Kunstnaren brukar linjal og passar for å konstruera geometriske mønster som blir fundament for vidare teikning.

Bileta er utruleg detaljrike med ornament som snor seg inn i kvarandre, set saman i perfekt symmetri. Her òg ser ein små vesen om ein går heilt nær bileta. Min favoritt er sniglane og sniglespora dei etterlet, som trassar den oppteikna ramma og er på veg ut av arket.

Kvart bilete består av fleire ark hengt opp ved sidan av kvarandre med metallklyper. Glipa som oppstår mellom dei buande arka som svever lett ut frå veggen, er fin. Eit uperfekt, rufsete arkskjegg.

På endeveggen: *Uten tittel* av Solveig Bergene, akvarell og gouache på papir, 230 x 420 cm. Foto: Kunstgarasjen/Bjarte Bjørkum
På endeveggen: Uten tittel av Solveig Bergene, akvarell og gouache på papir, 230 x 420 cm. Foto: Kunstgarasjen/Bjarte Bjørkum
*Uten tittel* (2024) av Solveig Bergene, akvarell og fargeblyant på papir, 230 x 420 cm. Foto: Kunstgarasjen/Bjarte Bjørkum
Uten tittel (2024) av Solveig Bergene, akvarell og fargeblyant på papir, 230 x 420 cm. Foto: Kunstgarasjen/Bjarte Bjørkum
På endevegg: *Uten tittel* (2024) av Solveig Bergene, akvarell og gouache på papir, 230 x 280 cm. Foto: Kunstgarasjen/Bjarte Bjørkum
På endevegg: Uten tittel (2024) av Solveig Bergene, akvarell og gouache på papir, 230 x 280 cm. Foto: Kunstgarasjen/Bjarte Bjørkum

Best på Instagram

Kunstnaren har lagt ut eit fotografi på Instagram av eit av bileta før det er ferdig. Om eg tek meg fridomen til å dømma eit uferdig kunstverk, må eg seia at eg likar det veldig godt. Biletet er reinare i uttrykket enn det ferdige resultatet, og fargar og former kjem meir til sin rett. Elementa får nok rom og luft til at ein ser dei, og heilskapen framstår meir balansert. Interessante vesen og botaniske element trer fram, og arka er ikkje så metta av fargeblyantar og akvarell- og gouachemåling at fargane må konkurrera med kvarandre.

Bergene forklarar at ho har valt ein «dempa fargepalett» som ein motvekt til dei storslåtte formata.

Monumentalkunst har historisk sett vore ein kunstform som utviser makt og styrke med sin verknadsfulle, fysiske storleik. Bergene sine tre bilete har motsett verknad på meg. Eg vert ikkje dratt mot dei, men må snarare minna meg sjølv på å kikka på bileta, medan eg er djupt inne i kunstnarbøkene. Bileta rekk nesten frå golv til tak, men det er kanskje akkurat det monumentale som gjer at eg vert så lite pirra. Eg ser kva det er frå lang avstand, men utan trongen til å gå nærmare. Eller kanskje eg hadde vore meir tilgivande om dei ikkje tok så mykje fysisk plass.

Det er sjølvsagt fleire element i bileta ein kan bruka tid på og studera på nært hald, men er ikkje heilskapen vel så viktig? Ordet monumental stammar frå det latinske ordet monere, «å minnast», men bileta er meir forgløymelege enn dempa.

Legg vekk linjalen

Det er ikkje storleiken på formatet i seg sjølv som skurrar for meg, men det at kunstnaren ikkje er like fri i dei tre monumentale bileta som i bøkene.

I mine auge er den frie skaparprosessen Bergene viser i bøkene, mykje meir visuelt spanande og estetisk vellukka enn det «endelege resultatet» der råskapen har blitt temma, systematisert og set i rutenett. Eg opplever bileta som kontrollerte ferdigstillingar av skissene. Koloristen i ho kjem ikkje fram på same måte som i kunstnarbøkene, der me får sjå allslags fantastiske fargekombinasjonar. Der er ho ekspressiv. Utprøvande. Modig. Ho teiknar fram ulike dyreportrett av vesen me kanskje aldri har sett før.

Med dei monumentale bileta har ho sett to strekar under svaret, men eg veit ikkje om det er riktig svar.

Eg skulle ynskje ho klarte å gjenskapa det ekspressive uttrykket ho har i bøkene, på dei monumentale bileta, for det er der eg finn mest glød. Kall meg ein bokorm, men eg likar Bergene best når ho legg vekk linjalen.