Numer #136 - Leiar

LEIAR
Publisert 10/12/24
| Skrevet av Fredrik Rysjedal
| Originalt publisert i Numer #136

Det er krise i kommuneøkonomien. Overforbruk og auka utgifter tvinger dei fleste kommunane til å gjere drastiske kutt. Det er frustrerande å vere vitne til, og ikkje noko slepp unna sparekniven. Godt utvikla infrastruktur og spesialkompetanse vert lagt ned og sagt opp. Eg håpar politikarane er like fortvila, for kutta i helse og skule vert kostbare å få på plass att, og rasjonaliseringa som skjer i kommunane verkar å ramme dei svakaste i samfunnet.

Numer #136

Utgitt: 18. desember 2024
Redaktør: Fredrik Rysjedal
Design: Laila Mjøs
Korrektur: Bokarbeid
Trykk: Rolf Ottesen AS
Opplag: 1300
Omslag: Sigfrid Hernes

Oppi alt dette eldende så er det kulturen som kjennes lettast å kutte, og den kjennes også vanskelegast å forsvare. Særskilt når kunst vert sett opp mot helse og utdanning. Ytst på høgresida, i Frp-leiren, finn ein haldningane om at staten ikkje skal støtte kunst og kultur. Det er ikkje statens oppgåve, kunst er ei privatsak og alle enkeltindivid oppsøker det som tiltaler dei. Slik, er det berre det som overlev kommersielt som har livets rett.

Kva skal eg sei om eg havnar i debatt med nokon som vil kutte i kulturstøtta? Kvifor skal kommune og stat bruke pengar på kultur i ei krisetid? For å finne svaret på dette, så må eg prøve å sjå føre meg alternativet. For kva skjer om ein tar kulturstøtta heilt vekk?

Utan stateleg og kommunal støtte så ville all relevant kunst og kultur verte laga av og til dei privilegerte i samfunnet. Om marknaden styrte kunsten ville fri og kritisk tenking verte utkonkurrert av friksjonsfrie publikumsfrieri. Om kulturstøtte vert kutta vekk ville klasseskilja auka. For dei med lågare levekår vil verken ha tid eller råd til å oppleve kunst og kultur. Dei vil heller ikkje ha råd til å gå inn i lengre kunstnariske prosessar og realisere tankane sine. Deira kunst ville vorte ein irrelevant undergrunnskultur. Ingen støtte til kunst og kultur vil polarisere og svekke fellesskapet og demokratiet.

Kunst har stor påverkningskraft. Den kan nyttast til makt og manipulasjon. Berre sjå korleis paven og kyrkja har hatt monopol på religion i Europa dei siste 1500 åra. Hugs korleis Hitler ville nytte all media og kunst til å forme verdsbiletet og identiteten til det tredje rike. Berre tenk på jerngrepa som Putin, Xi Jinping og ikkje minst Kim Jong Un har over intellektuelle og ytringsfridomen i sine land.

Eg har møtt mange som fnyser av kunst og kultur. Eg skulle berre ynskje eg klarte å forklare dei kor mykje det faktisk fargar deira kvardag. Det smale treffer få og det folkelege treffer nesten alle. Solidaritet handlar om at det skal vere plass til alle. Det er nemleg ikkje slik at alle kunstnarar får støtte. Det er ganske få som gjer det, men desse økonomiske ordningane sikrar at det er variasjon og bredde i det som vert skapt. At nyvinningar skal få muligheit til å blomstre. Det sikrar at kunst ikkje treng å vere marknadsstyrt, og at ytringsfridomen er fri på ordentleg. På denne måten er stateleg og kommunal støtte til kunst og kultur ei sikring som sørger for at me har eit inkluderande samfunn og fungerande demokrati. Og det er det me skal kjempe for!

I dag kan alle gå på biblioteket. Det er framleis relativt rimeleg å kjøpe bøker, å gå på teater, konsertar og utstillingar. Kunstarar frå alle samfunnslag kan få ein muligheit til å ytre seg gjennom sin kunst og sin kultur, der kunsten faktisk er fri. Alt dette er viktige demokratiske prinsipp, og det er fantastisk! Det er ikkje luksus og sløseri. Det er, i følge argumenta over, heilt naudsynt for eit velfungerande samfunn. Og når kulturbudsjettet er til dømes ca. 1% av totalbudsjettet i min kommune (Bergen) og 0,83 % hos staten, så vil eg sei dette er ei ganske rimelig forsikring.

Så når politikarane sikrar statleg og kommunal støtte til kultur, så sikrar dei ytringsfridomen på heimstaden din. Dei styrkar alle former for identitetsbygging, samhald og støttar særpreg. Dei gjer intellektuell og åndeleg stimuli tilgjengeleg for alle. Er du heldig, så vert det skapt noko så sært eller kjært at andre menneske si merksemd vert retta mot din kommune. Ja, eg tykkjer me skal kunne drøyme om slikt.

Omslaget til Numer #136 er med eit bilete av biletkunstnaren Sigfrid Hernes med tittel: N700246.3 E244120.0 (2013).
Omslaget til Numer #136 er med eit bilete av biletkunstnaren Sigfrid Hernes med tittel: N700246.3 E244120.0 (2013).

I Numer #136 skal me igjen møte fantastiske teiknarar. Sigfrid Hernes er utgåva sin faneberar, og i samtalen med Tora Døskeland skal me ut på fjellet i nord for å sanse og eksistere. Lene Fjørtoft kuraterte tidlegare i år utstillinga Abstrakt på Tegnerforbundet. I den anledning intervjua ho alle kunstnarane, og her delar me samtalen ho hadde med Anne Rolfsen. Inger Marie Kjølstadmyr har besøkt barnebok- og teikneserieskaparen Annika Linn Verdal Homme og Riso-maskina som vart eit vendepunkt for hennar kunstnariske praksis. Anja Dahle Øverbye intervjuar den prisvinnande illustratøren Bjørn Brockmann som deler sine tankar om teikning og prosess. Så får me eit glimt av seinsommar å varme oss på, i Nina Mauno Schønsby møte med kunstnaren Trude Johannesen. I intervjuet tar Schønsby oss med til øya Søndre Sandøy i Hvaler, og til Mikrogalleri Nor der Johannesen stilte ut tolv fanziner med namn Zodiakdagbøkene. Så skal me møte fire teikneserieskaparar som nyttar nettportalen Patreon for å nå ut til lesarane sine. Linn Isabel Eielsen, Torbjørn Lien, Mia Thrane Hansen og Didrik Magnus-Andresen deler sine erfaringar med Numer. Til slutt serverer kritikar Morten Harper ei dobbelt-bokmelding med Norge sin yngste grenselos, Astrid Linerud, i sentrum. Det er teikneserien Sabotør – Grenselos av John Jamtli og den illustrerte barneboka Farlig oppdrag, skrive av Lena Lindahl og teikna av Camilla Billett som vert meldt. Takk for at du les Numer!