Ein sjarmerande flytur med fuzzy, seksbeinte vener

ANMELDELSE
Publisert 19/08/22
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

Nattsvermerne

Omtale: Nattsvermerne

Tittel: Nattsvermerne
Illustrasjon: Sunniva Sunde Krogseth
Tekst:
Sunniva Sunde Krogseth
År: 2021
Sider: 56

Forlag:
Gyldendal
Format: Bok med harde permer
ISBN: 978-82-055450-9-0

I barneboka «Nattsvermerne» let illustratør og forfattar Sunniva Sunde Krogseth (1987) insekta stå i fokus, og me får eit innblikk i deira magiske natteliv.

Allereie på bokomslaget er eg overtydd om at dette er ei god barnebok. Krogseth har gitt dei sjarmerande nattsvermarane små auger, lure smil i milde andlet – og mykje personlegdom. Samstundes er coffee table-boka eit nydeleg objekt som dei vaksne trygt kan legga på stovebordet. Uttrykket minner om Eric Carle sin «Den lille larven Aldrimett» og tek meg tilbake til ein ikkje-digital barndom der ein brukte timevis på å vera ute og utforska, tett på naturen.

Det er lov å vera redd, og naturen er fin!

Boka startar med ein karakterpresentasjon av ulike sommarfuglartar medan dei framleis er larver. Dei kravlar rundt på sidene, strekker hals og snur seg rundt sin akse i små krusedullar. Stjertmålar, eikebåtfly, oleandersvermar og mange fleire.

Noor skal på si første overnatting ute i skogen med sine eldre systrer, som osar av sjølvtillit, men Noor feigar ut og dristar seg heller til å søve i hagen, under trygt oppsyn av far sin. Då ho kryp ned i soveposen sin for å gøyma seg for insekt, vert ho transformert. Først til ein larve, så til ein sommarfugl. Å bruka soveposen som metafor for puppe er ein fin, smart detalj. Då ho kryp ut av soveposen, eller puppen, har ho vorte ein fuzzy sommarfugl med venger og raude briller.

Side 14–15 frå *Nattsermerne*(2021) av Sunniva Sunde Krogseth, utgitt av Gyldendal.
Side 14–15 frå Nattsermerne(2021) av Sunniva Sunde Krogseth, utgitt av Gyldendal.

«Med Nattsvermerne viser forfattaren at planter og dyr ikkje berre er ting, men levande, autonome vesen.»

Side 28–29 frå *Nattsermerne* av Sunniva Sunde Krogseth, utgitt av Gyldendal.
Side 28–29 frå Nattsermerne av Sunniva Sunde Krogseth, utgitt av Gyldendal.


Hennar første reaksjon på den nye kroppen er skepsis og redsel, men desse kjenslene snur då ho vert kjent med andre sommarfuglar. Dei lærar ho å fly, og Noor hjelper dei å leita etter månen. Dei utvekslar kunnskap og vert betre saman.

Då natta er over, forvandlast ho tilbake til menneske og vert vekka av ein stolt far.

Ei woke, vakker bok

Boka følger Noor si transformasjon frå menneske til insekt og frå å vera redd til å oppleva meistring gjennom venskap med nattsvermarane og det å handtera å vera ute i naturen. Medan dei overlegne systrene må krypa til korset og dra heim fordi dei syntest insekt er skumle, kjem Noor ut som ein modig og sjølvstendig campar som vil søve ute igjen allereie neste natt.

Krogseth sine mønstrete, fargerike teikningar har eit nostalgisk uttrykk, og boka gjer assosiasjonar til glansbiletebøker eller handbøker om flora som ein brukte før appar og Google erstatta denne forma for oppslagsverk. I Nattsvermerne er det ingen iPader eller telefonar eller andre moderne, digitale distraksjonar. Det er frigjerande. Samstundes har forfattaren eit blikk på samtida med ein trebarnsfar som passar døtrene sine. At familien ikkje er kritkvit, er òg positivt.

Som eit forstørringsglas bles Krogseth opp barnet og insekta sine verdar; altoppslukande univers fri for tid og der dei minste tinga kan vera dei største skattane. Eit oversiktsbilde over ein spade, ein nykel og ein tennisball bringer fram den barnlege kjensla av å ha mange skattar å samla på. Krogseth leikar med proporsjonar og teiknar Noor sitjande i ein spade, klatrande på ein tennisball og krypande gjennom jordbæret medan ho framleis er menneske og oppi soveposen.

Med Nattsvermerne viser forfattaren at planter og dyr ikkje berre er ting, men levande, autonome vesen. Bodskapet er at universet ikkje dreier seg rundt mennesket, men snarare at me berre er ein av mange organismar på jorda, og der alle har leverett. Ei grashoppe som sit på skuldrene til faren, og ei fluge i safta er heilt naturleg, og velkomne. Natta treng ikkje å vera skummel, men kan snarare vera magisk, og Krogseth si bruk av kvit skrift mot dei mørke sidene gjer at skrifta framstår glødande.

Side 40–41 frå *Nattsermerne* av Sunniva Sunde Krogseth, utgitt av Gyldendal.
Side 40–41 frå Nattsermerne av Sunniva Sunde Krogseth, utgitt av Gyldendal.

Boka bringar lesaren tilbake til barndommen då ein sat mykje på huk og studerte sniglar, biller og det som tilfeldigvis rørte seg rundt ein.

Trass i den store klimakrisa som heng over verda, lev me i ei tid der naturen kan vera distansert frå mange av oss. For mange barn er iPadar kanskje ei større kjelde til leik enn å henga utandørs i time etter time. Nattsvermerne viser på nøkternt vis kor spanande det som skjer rett ut i hagen, kan vera, og med flate, barnlege teikningar fylt med mønster og fargar har blikket mykje å vandra mellom i denne boka.

Nattsvermerne er ei snill bok om å vera redd, men òg modig, og som viser at audmjukskap varar lengst.