SIGLA BINDA – eit samarbeid over landegrensene

ANMELDELSE
Publisert 21/12/21
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

SIGLA BINDA

Omtale: SIGLA BINDA

Tittel: SIGLA BINDA
Kunstnarar: Nanna Gunhild Amstrup, Kristin Þóra Guðbjartsdóttir, Solveig Landa, Rita Marhaug, Svanborg Matthíasdóttir
Imi Maufe, Ingiríður Óðinsdóttir, Anna Snædís Sigmarsdóttir, Sigurborg Stefánsdóttir og Randi Annie Strand
Form: Kunstnerbøker
Visningssted: Entrée, Bergen
Tidsrom: 27.11.21–23.01.22

Kunstnargruppene Arkir og Codex Polaris utforskar bokformatet sitt potensial i ei utstilling som innbyr publikum til å ta seg tid.

I ein transformert kvit kube møtes to bokkunstgrupper på Entrée i Bergen: Arkir frå Island og Codex Polaris frå Noreg. Galleriet som tradisjonelt har vore ein kvit kube, er gjort om til eit lunt studierom, dominert av eit stort bord stilt midt på golvet. Betongveggane er kledde med tre, og under bordet står krakkar som inviterer til å setja oss ned.

For denne utstillinga er ikkje eit umiddelbart blikkfang, men snarare eit rom for studium – ei utstilling som krev litt tid og tolmod. Den er ikkje glossy, den er ikkje skrikande – men snarare ein taktil presentasjon av eit tradisjonsrikt handverk: bokkunsten.

Som den tospråklege tittelen hintar til, ynskjer Arkir og Codex Polaris å sjå på likskapar mellom Island og Noreg og kva som binder dei saman. Havet er eit viktig stikkord i denne utstillinga.

Ingiríður Óðinsdóttir, *Sigling* (2021). Broderi på papir. Foto: Bjarte Bjørkum
Ingiríður Óðinsdóttir, Sigling (2021). Broderi på papir. Foto: Bjarte Bjørkum

Navigasjonslæra og ein bestefar som fiskar

Tittelen spelar òg på det å setja ei bok saman, for felles for Arkir og Codex Polaris er deira kjærleik til kunstnarboka. Eit medium med nokon sette rammer, men som framleis gjer stor fridom. Frå tidleg av var boka av mykje grovare tilstand enn det me kjenner til i dag, med tunge materialar som stein, leire, tre og elfenbein. I renessansen fekk boka rygg, reiste seg opp, og tittelen vart desto meir viktig. Hjå kunstnar Rita Marhaug har ho lagt seg ned igjen.

Utstillinga *Sigla Binda* hos Entrée i Bergen. Foto: Bjarte Bjørkum.
Utstillinga Sigla Binda hos Entrée i Bergen. Foto: Bjarte Bjørkum.

Marhaug har laga ei rund bok med pels frå sel som omslag. I perfekte sirklar, utskorne frå hand, kan me bla oss gjennom kart over land, stjerner og planetar. Ho tek utgangspunkt i Nordstjerna, eit navigasjonsmerke gjennom tusenår, òg kjent som leiarstjerna, Polarstjerna og det som vart tittelen på boka: Stella Polaris. Kjær stjerne har mange namn. Inspirasjonen kom frå Marhaug sin bestefar som var fiskar på Lofoten og Island. Med få ord seier denne boka noko om fellesskapet mellom Island og Noreg og havet si viktigheit som handelsveg og kjelde til mat.

Rita Marhaug, STELLA POLARIS (2021). Tekst og bilder i gravure, typografi i silketrykk. Hardt omslag i selskinn med koptisk innbinding. Foto: Bjarte Bjørkum

Geometrisk hav

Medan Marhaug si bok er tung og krev to hender, har Ingiríður Óðinsdóttir laga ei bok i trekkspillformat som knapt vegar nokre gram. Med tynn sytråd fortel boka Sigling om ein segltur frå Noreg til Island. Kvar side symboliserer eit døgn, og firkanta felt av søm representerer ulike vêrforhold. Hissige, korte, mørkeblå linjer symboliserer regn, storm og vind, medan lange, lysare trådar tydar på meir vindstille strekk på havet.

«Avhengig av ver og vind kunne sigling frå Noreg til Island i vikingtida ta frå nokre døgn til fleire veker. Dersom det var medvind, var ho kort, og skipet kunne drive ut av kurs.»

Heldigvis for seglarane, og kunstnaren som etter kvart vart lei den blå tråden, kjem det innslag av sol og gule og oransje felt.

Ingiríður Óðinsdóttir, *Sigling* (2021). Broderi på papir. Foto: Bjarte Bjørkum
Ingiríður Óðinsdóttir, Sigling (2021). Broderi på papir. Foto: Bjarte Bjørkum
Ingiríður Óðinsdóttir, *Sigling* (2021). Broderi på papir. Foto: Bjarte Bjørkum
Ingiríður Óðinsdóttir, Sigling (2021). Broderi på papir. Foto: Bjarte Bjørkum

SIGLA BINDA er ei utstilling som viser kor stor variasjon og breidde me finn i bøker, og korleis ei bok heilt utan tekst likevel kan formidla eit bodskap. Dei to kunstgruppene ynskja å gje kunstnarbøker ei verdig arena der dei både kan verta vist fram, men samtidig beskytta.

For kvar høyrer kunstnarboka heime?

I kryssingsfeltet mellom kunst og bok kan kunstnarboka verka for skjør og unik for det tradisjonelle biblioteket, men samstundes vil ein heller ikkje gøyme dei vekk.

På denne utstillinga fungerer Entrée som ei beskyttande hand som let publikum sansa bøkene, samstundes som dei vert tatt vare på. Settinga er meir høgtideleg enn på ei bokmesse, og gjennom materialar, bindingstradisjonar og likskapar i språket vårt viser utstillinga kor formande naturen har vore for den nordiske kulturen, med havet som utgangspunkt for arbeid, samarbeid og kulturutveksling.

Anna Snædís Sigmarsdóttir, Mynjar/Oldsaker (2021). Etsing/rust. Foto: Bjarte Bjørkum
Anna Snædís Sigmarsdóttir, Mynjar/Oldsaker (2021). Etsing/rust. Foto: Bjarte Bjørkum
Nanna Gunhild Amstrup, *Et Godt Sted at Våkne (2021). Graphite drawings printed as cold-set on newspapers. Foto: Bjarte Bjørkum.
Kristín Þóra Guðbjartsdóttir, Lava (2021). Trykka og folda papir. Foto: Bjarte Bjørkum.
Kristín Þóra Guðbjartsdóttir, Glacier (2021). Trykka og folda papir. Foto: Bjarte Bjørkum.
Svanborg Matthíasdóttir, HAF / HAV (2021). Vannfarger på lærret, koptisk binding. Foto: Bjarte Bjørkum.
Solveig Landa, JARE (2021). Monoprint på resirkulert papir. Foto: Bjarte Bjørkum
Randi Annie Strand, TINGBOD (2021). Treobjekter og rulla papir med trykk og fotografi. Foto: Bjarte Bjørkum.
Imi Maufe, Malbik Endar (2003/2020). Pregtrykk (Letterpress), resirkulert papir, stempel, vinyl, liminnbinding med mjukt omslag, MDF, kryssfiner, akrylmaling, håndfreste teikningar. Foto: Bjarte Bjørkum.
Sigurborg Stefánsdóttir, Fjell og daler (2021) og Fjöll ig daler (2021). Pastellfarger på papir. Foto: Bjarte Bjørkum
Kristín Þóra Guðbjartsdóttir, Villimey (2021). Blekk på papir, vevd med strimler frå The Legend of the Ice People. Foto: Bjarte Bjørkum.
Anna Snædís Sigmarsdóttir, Stafróf– Alphabet (2021). Linosnitt. Foto: Bjarte Bjørkum.
Sigurborg Stefánsdóttir, Norwegian and Icelandic influencers (2021). Mixed media, C-print. Foto: Bjarte Bjørkum.
Anna Snædís Sigmarsdóttir, Búrfell/Burfjell (2021). Linosnitt. Foto: Bjarte Bjørkum.
Utstillinga *Sigla Binda* hos Entrée i Bergen. Foto: Bjarte Bjørkum.
Utstillinga Sigla Binda hos Entrée i Bergen. Foto: Bjarte Bjørkum.

Utstillinga står på Entrée fram til nyåret – då tek bøkene vegen over havet til galleriet Íslensk Grafík i Reykjavik der ho opnar i juni 2022.