Eit vellukka samarbeid

ANMELDELSE
Publisert 28/04/23
| Skrevet av Åsa Osmundsen Opedal

Hus om natta

Omtale: Hus om natta

Tittel: Hus om natta
Teikning: Annette Kierulf
Tekst:
Tormod Haugland
År: 2022
Sider:
150
Forlag:
Oktober
Format: Bok med harde permer
ISBN: 978-82-495256-0-7

«Hus om natta» er ei bok om å leva og arbeida saman. Tett, men sjølvstendig.

Gjennom Tormod Haugland sine korte prosatekstar og Annette Kierulf sine teikningar vert me kjent med to sjelevener og livspartnarar. Innblikket i deira tilbaketrekte kunstnarliv på Vestlandet gir ro i sjela. Der lever dei i gjensidig respekt og til inspirasjon for kvarandre.

*Lys nattehimmel i vest* av Annette Kierulf, frå *Hus om natta*
Lys nattehimmel i vest av Annette Kierulf, frå Hus om natta

Innanfor

Hus om natta er gitt ut på Forlaget Oktober og liknar ein liten roman. Ho tel kring 150 sider, der Kierulf sine teikningar fyller knappe 30 av desse. På framsida troner to trehus på ei høgde, opplyst av det som truleg er månelys. Det eine heilt kvitt og det andre typisk norsk med raude veggar og kvite lister. Blar ein vidare, tek Haugland oss med inn i huset deira.

«Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid.» Boka startar med Haugland si tekst I hus. Teksten er berre seks linjer, men fortel om Haugland og Kierulf, eller A, som ho heiter i boka, sine draumar om å flytta til ein stad for å skapa. Dei flytter inn i det som brukte å vera farfaren til Haugland sin heim, og vert ein del av huset.
Under titlar som Bjørnebær, Blindvegar, Barndom og Morgon reflekterer Haugland kring store og små ting. Tekstane strekk seg frå nokre få linjer til to–tre sider og vekslar mellom det kvardagslege og trivielle til det filosofiske. Haugland ser skjønnheit i kvardagen og skildrar støvet i peisen som «ein stor rikdom av små partiklar». I huset lever dei eit liv via til det å skapa. Ikkje produsera, men å skapa.

«Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid.»

frå Hus om natta
«Ho sat inntil stovebordet med ein kvit blyant i handa, sa ho ikkje fekk sove. Ho ville prøve å teikna. Eg såg på det svarte arket, dei vare strekane av eit hus omgjeve av det svake skinet frå tre og busker.» *Råken*, teikna i 2017.
«Ho sat inntil stovebordet med ein kvit blyant i handa, sa ho ikkje fekk sove. Ho ville prøve å teikna. Eg såg på det svarte arket, dei vare strekane av eit hus omgjeve av det svake skinet frå tre og busker.» Råken, teikna i 2017.

Utanfor

Medan Haugland tek oss med inn i heimen, står me utanfor i Kierulf sine bilete. Teikningane er henta frå serien hennar Nattstudier og dukkar opp som tre bolkar i boka. Trehus er eit gjentakande motiv, omgitt av frodige buskvekstar, høgt gras og hagar med fargerike tre. Husa med sine rette linjer står i kontrast til dei mjuke naturelementa rundt. Dei kvadratiske bileta er teikna med fargeblyantar på mørkt papir. Titlar som Frost, Fjærskyer, Sydstova og Lys nattehimmel i vest gir fin gjenklang til Haugland sine overskrifter.
Det er ingen menneske i teikningane, og me kan ikkje sjå kva som føregår bak dei mørke vindauga. Stemninga er ubestemmeleg. Står dei fredelege husa i symbiose med naturen kring? Eller skjuler det seg eit mørke i desse husa? I denne konteksten, sett opp mot Haugland sine tekster, heller eg mot det første.

Med fargeblyantane vel Kierulf ut formane ho vil framheva. Omrissa av trea i Hegreøya er så utheva at dei liknar ein skog med Wunderbaum, luftfriskaren til bil. Den mørke bakgrunnen skin gjennom slik at ingen flater er einsfarga, slik asfalten skin gjennom kritt-teikningar på gata.
Felta av buskas og lyng liknar kamuflasje, medan skyene i Lys nattehimmel i vest liknar bleike tarmtottar. Dei ruver over dei små husa som knapt er synlege i kamuflasjeterrenget. I andre bilete er fargane heilt «feil» – som fotografiets negativ. Trestammar lyser opp, og himmelen er brunlilla.
Dette er ikkje naturrealistiske attgivingar av naturen, men landskap fulle av Kierulf sine val.

«Dette er ikkje naturrealistiske attgivingar av naturen, men landskap fulle av Kierulf sine val.»

Med fargeblyantane vel Kierulf ut formane ho vil framheva. Omrissa av trea i *Hegreøya* er så utheva at dei liknar ein skog med Wunderbaum, luftfriskaren til bil.
Med fargeblyantane vel Kierulf ut formane ho vil framheva. Omrissa av trea i Hegreøya er så utheva at dei liknar ein skog med Wunderbaum, luftfriskaren til bil.

Ut av balanse

Kunstnarparet sin kunst tilfører kvarandre noko og står samstundes fint åleine. Tankane deira verkar å flyta over i kvarandre, og i tekstane finn me Haugland sine skildringar av hennar teikningar og hennar over tekstane hans. Dei er kvarandre sine konstruktive kritikarar.
Likevel sit eg att med inntrykket av at det er mest Haugland si bok. Kierulf sine teikningar er samla i tre bolkar, og eg lurer på om teikningane hennar hadde fått meir fokus om dei heller kom som jamne drypp gjennom boka.
Eit anna aber er papirkvaliteten teikningane er attgjevne på. Me finn Gamle Varhaugen både på framsida og i boka, men i to ulike kvalitetar. Den matte kvaliteten på bokpermen liknar truleg Kierulf sitt teiknepapir i større grad enn dei kvite, glatte sidene inni boka. Det kvite papiret viser meir av detaljane, og fargane vert meir klare, men eg synest kvaliteten på framsida er meir vellukka.
Mogleg det er tekniske årsaker til denne løysinga, men boka hadde vore meir gjennomført om kvalitetane frå utsida spegla innsida.

*Gamle Varhaugen* er attgjeven på to ulike papirkvalitetar. Trass i at det glatte papiret inne i boka får fram detaljane i større grad enn framsida si matte kvalitet, er uttrykket på bokpermen meir appellerande.
Gamle Varhaugen er attgjeven på to ulike papirkvalitetar. Trass i at det glatte papiret inne i boka får fram detaljane i større grad enn framsida si matte kvalitet, er uttrykket på bokpermen meir appellerande.

Det er likevel ei vellukka bok om eit par som er kunst. Deira upretensiøse, fredelege liv som går sin vante gang, og samspelet dei imellom er misunningsverdig. Måten han lyttar til stega hennar i huset på, og den stille kommunikasjonen som er opparbeida gjennom tiår saman.
Skogen, tre, hus og heim er som synonym å rekna for kunstnarparet. Dei lever i og med naturen og utviser ein stor respekt for det rundt seg. Huset er ikkje ein daud kube dei tek for gitt, men noko som er skapt av trea i skogen. Medan menneske kjem på besøk, generasjonar vert fødde og døyr, overlever dei solide husa. Dei står der som eit vedvarande tidsvitne.