Ser du oss no, Trettebergstuen?
I eit intervju med NRK fortel kulturminister Anette Trettebergstuen at ho ikkje kan love noko auka støtte til innkjøpsordninga for teikneserier i statsbudsjettet, men at ho skal sjå på dette når regjeringa går i gong med den nye leselyststrategien.
Anette Trettebergstuen til NRK
Lene Rennesloft frå Grafill vitja NRK nyhetsmorgen for å fortelle om krisa som norske teikneserier står i. NRK fekk i samband med dette innslaget ein kommentar frå Trettebergstuen, som du kan høyre her.
Innkjøpsordninga til biblioteka gjer ny norsk litteratur tilgjengeleg over heile landet. Ordninga skal òg stimulere det litterære feltet, forfattarar som forlag: Gjere det økonomisk mogleg å skape og utgje, trass hard konkurranse frå utanlandsk populærkultur. Ordninga sikrar eit høgt kulturelt nivå på den norske litteraturen i Noregs vesle bokmarknad.
Gjennom heile 1900-talet har Noreg vore dominert av importerte og oversette teikneserieutgjevingar, men på 80-talet byrja den originale norske teikneseriekulturen å skyte fart. På 2000-talet tok boka over for blad og magasin som den viktigaste publiseringsplattforma for teikneseriar, og i 2012 starta ei prøveordning med å kjøpe inn nye norske teikneseriar til biblioteka.
Gjennom desse 40 åra har norsk teikneseriekultur vakse taktfast. At innkjøpsordninga av teikneseriar tok til i 2012 var heilt i tråd med utviklinga til den norske teikneseriekulturen. Men på slutten av 2010-talet byrja denne ordninga å få veksesmerter. Dei siste åra er det skapt fleire norske kvalitetsteikneseriar enn det er pengar til å kjøpe inn. Ordninga er ikkje fleiksibel nok til å følgje utviklinga i feltet. Kulturrådet og vurderingsutvalet for teikneseriar har lenge varsla om stoda, men Kulturdepartementet lyttar ikkje.
Samla fagfelt
Et samla fagfelt skreiv 07. oktober eit innlegg i Morgenbladet til politikarane om at dei må handle for å styrke innkjøpsordninga for teikneseriar. Kronikken kan lesast i sin heilskap på Grafill sine nettsider. Innlegget var signert:
Den norske Forfatterforening, Den norske Forleggerforening, Foreningen !les, Forfatterforbundet, Grafill, Leser søker bok, Norsk barnebokinstitutt, Norsk Bibliotekforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk Oversetterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norske Billedkunstnere og Tegnerforbundet
«I 2021 vart berre 55% av alle teikneseriebøkene som søkte kjøpt inn til biblioteka.»
Følgene er nedslåande. Eit konkret døme på stagnasjonen er antologien Forresten av Jippi Forlag. Dette var flaggskipet innan norske teikneserieantologiar, med heile 33 publikasjonar sidan 1997. I 2020 la Jippi ned antologien, då innkjøpsordninga ikkje lenger hadde midlar til å støtte antologien. Eit skot for baugen, og nyhenda kom som eit sjokk på dei fleste teikneserieskaparane her i landet. Antologiar er særs viktige for teikneseriemiljøet, fordi det er eit format som inviterer til korte og middels lange forteljingar som ikkje kan bære sin eigen publikasjon åleine. Antologien er viktig som ein grasrotplattform, samt ein eksperimentell arena, der skaparane prøver nye grep og samstundes nå ut til lesarane. Teikneseriar frå skaparar som til dømes Jason, Flu Hartberg og Ida Neverdal kunne ein finne i antologien Forresten, som no er historie.
I 2021 vart berre 55% av alle teikneseriebøkene som søkte kjøpt inn til biblioteka. Budsjetta dei siste åra har vore så dårlege, at produksjonar av dokumentariske teikneseriar heller søkjer i sakprosapotten. For meg er dette problematisk, fordi det kamuflerer bredda i norsk teikneseriekultur. Det som trengs er at denne bredda vert synleg. I innkjøpsordninga slik den vert organisert i dag, vert teikneseriar handtert som ei homogen kunstform. Eg meinar at budsjettet for innkjøp av teikneseriar burde vore øyremerka til form og målgruppe, slik som midlane til litteraturen vert organisert. Sjølv om teikneseriebøkene ikkje finnast i same volum som dei litterære bøkene, så er ein slik kategorisk struktur naudsynt for at politikarar, forleggarar og teikneserieskaparar skal kunne sjå kvar det finnast støtte og til kva.
Potten til å kjøpe inn teikneseriar i 2021 var på 3 850 000,-. Fagutvalget og Kulturådet greide å finne ytterlegare 1 200 000 i sine budsjettrammer til å styrke ordninga og i tillegg kom det 1 000 000 i stimuleringsmidler i samband med pandemien. Til slutt vart potten til teikneserieinnkjøp 6 050 000,- og 27 titlar vart kjøpt inn, som tilsvarer 55% av alle dei påmeldte teikneseriepublikasjonane. Hadde det ikkje vore stimuleringsmidlane og dei interne budsjettsrokkeringane, ville berre 17 av 49 påmeldte vorte kjøpt inn melder vurderingsutvalet. Då ville innkjøpsprosenten ha vore så låg som 35%.
Korleis hadde innkjøpsbudsjettet sett ut om ein delte teikneseriane inn i kategoriane eg etterspør? Om me deler 6 mill på målgruppene, vaksne og barn/ungdom, så vert det 3 mill på kvar målgruppe. Her er eit hypotetisk omtrentleg overslag på 2021-budsjettet, om alle målgrupper og former skulle vore behandla likt:
Fiktive teikneseriar vaksne: 6 titlar
Faktateikneseriar vaksne: 6 titlar
Fiktive teikneseriar for barn og ungdom: 6 titlar (3 titlar kvar)
Faktateikneseriar for barn og ungdom: 6 titlar (3 titlar kvar)
Er du politikar og les dette så håpar eg du også tykkjer at dette er latterleg lite. Til samanlikning så hadde litteraturen desse innkjøpstala i 2021:
Skjønntitteratur for vaksne: 207 titlar.
Skjønnlitteartur barn og unge: 112 titlar.
Sakprosa vaksne: 128 titlar (Teikneseriar blant titlane)
Sakprosa barn og unge: 30 titlar
Lyrikk: 72 titlar
Når ein ser på desse tala, er det ikkje godt nok at vurderingsutvalet måtte avslå nesten halvparten av dei innsendte teikneseriebøkene. Budsjettrammene innfrir ikkje innkjøpsordninga sitt mandat, å sikre tilbodet for norske orginalteikneseriar. Hadde teikneseriepotten i 2022 vore 12 000 000,- , kunne vurderingsutvalet avslått titlar grunna dårleg kvalitet og ikkje grunna dårleg budsjett. Teikneseriebøkene må få rom til å vekse seg like stor som dei litterære bøkene.
Tidlegare kulturminister Abid Raja ignorerte landets fyrste teikneserieopprør i 2021. No håpar me at Anette Trettebergstuen ser og lyttar til oss som skapar og publiserer teikneseriar. Poensialet er så veldig stort akkurat no, aldri har det vore meir interesse for å skape teikneseriar her i landet. Og sidan boka er hovudplattforma for den norske teikneserien, så må vi passe på at den også får ein likestilt plass i innkjøpsordninga.
Anette Trettebergstuen! Vi treng at du vert vår teikneserieminister.